laurdag 9. oktober 2010

Jerikolufta

Oasen. Palmebyen. Sjasminbyen. Parfymebyen. City of the Moon. Eg er attende i Jeriko, og livet er godt! Reisa gjekk fint, frå Lærdal til Jeriko utan dei store stoppa. Overraskande fort gjennom Ben Gurion, kanskje var dei leie av å spørja ut store grupper - me ser nok ikkje so skumle ut no som dei eg har reist med før. På veg til Jeriko vart det inga soving, guiden fortalte om byar og biblesoger, for mange var det spesielt å reisa gjennom bibelsk landskap - for meg og, eg gløymer at det er dette området me er i, for meg er Palestina kjensfolk, god mat og, desverre, konflikt. Men framme i Jeriko sto Hotel InterContinental og venta, med store senger og kaldluft. Ute er det Jeriko-luft, varm og tett og full av kjente og eksotiske lukter, akkurat slik eg hugsar den.

Fyrste dag i Jeriko vart nytta til sightseeing. I gruppa på 45 stk er det mange fyrstegongsreisande. Eg må innrømma det var ein typisk "been there done that"-dag for meg, men det er altid moro å oppleva desse tinga gjennom andre. Sjølv i det mest turisttette området av Jeriko, der asiatiske nonner og amerikanske backpackarar står i kø for å komma inn i kabelbana, ser ein spor av okkupasjon - militærinstalasjon over det gresk-ortodokse klosteret og ei kvit busetjing i synsranda. Me deler nok alle oppgjevenheiten. Men so kjem me vandrande inn i Elishas kjelde, ei av dei store samtaleemna i fjor - og so ser me at det enno strøymer klårt kaldt vatn frå grunnen, og me ser at grunnen til at me er her enno finst - kjelda her er nemleg grunnlaget for oasen Jeriko og dei 10000 åra med busetjing her. 

Det skjer tin i Jeriko og. Overalt ser me spor av rydding og fiksing fram mot jubileet den 10.10.2010 kl 10. Nokre stader tvilar me på dei vert ferdige, som rundt Sakkeus sitt morbærtre. Men ved Elishas kjelde har byggeplassen frå i fjor endra seg til ein roleg hage etter eit travelt turistmas. Nokre av oss sakna sofaen i pauserommet, men det er no vakkert med brustein og drypvatning og. Når me so fekk te med sukker og mynte, so kjentest det heimakjent og -kjært.

Det same gjorde hotellet utpå ettermiddagen, dusj, middag og ein lang kveld ved bassengkanten gjorde godt for trøytte bein og hovud fulle av inntrykk.

1 kommentar: